Politimannen døydde av skadane han vart påført då han vart køyrd ned under ei biljakt i Grimstad natt til torsdag.
- Ein bil nekta å stoppe for kontroll på E18 nær Grimstad, og patruljen bad om bistand. Ein ny patrulje køyrde ut frå Grimstad politistasjon og byrja rigge seg til med å leggje ut spikarmatte for å stoppe bilen lenger framme på E18. Den eine av dei to politimennene i patruljen heldt på med dette då bilen nærma seg. Han vart meia rett ned av bilen som kom imot, og bilen heldt fram vidare vestover mot Kristiansand, seier operasjonsleiar Per Lauvnes i Agder politidistrikt til NTB.
Ein annan politipatrulje pågreip litt seinare den dei trur er gjerningsmannen.
- Han hadde køyrd ut i grøfta og inn i ei snøfonn. Der vart han pågripen, seier Lauvnes.
Den pågripne mannen er i slutten av 20-åra og var åleine i bilen. (©NPK)

