Den genmanipulerte potetsorten Amflora vart utvikla for bruk i industrien på 1990-talet, og poteta inneheld, i motsetning til andre potetsortar, berre ein type stivelse.
No har EU-kommisjonen gitt grønt lys for kommersiell dyrking av den genmanipulerte poteta, skriv Dagens Nyheter.
Svenske politikarar og miljørørsla kritiserer avgjerda og fryktar at det antibiotikaresistente genet som er nytta i utviklinga av poteta, skal spreie seg i naturen og finne vegen til sjukdomsframkallande bakteriar. (©NPK)

