Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Russland OL-sjef gjekk av

(NPK-NTB-Reuters): Presidenten i Russlands olympiske komité, Leonid Tjagastjov, tok onsdag sin hatt og gjekk etter ein historisk dårleg innsats i Vancouver-OL.

Berre to dagar etter at den russiske presidenten, Dmitrij Medvedev, varsla at dei sportsleg ansvarlege etter OL-fiaskoen skulle få svi, gjekk Tjagastjov av.

Russland, som vanlegvis forsyner seg grovt av medaljane, fekk berre med seg tre gull frå Canada (15 medaljar totalt), og enda som nummer elleve på medaljestatistikken. Tidenes svakaste innsats for Russland i vinter-OL var eit flaut faktum.

Det er venta at fleire hovud vil rulle, men inntil vidare er Vitalij Mutko framleis sportsminister. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.