Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Nekta å la seg kroppsskanne - fekk ikkje fly

(NPK-NTB-DPA): To britiske muslimske kvinner fekk ikkje gå om bord i eit fly i Manchester etter å ha nekta å gå gjennom dei nye kroppsskannarane.

Den eine kvinna oppga religiøse og den andre medisinske grunnar for ikkje å ville la seg skanne, og dei vart dermed nekta å gå om bord i flyet til Pakistan International Airlines til Islamabad.

Episoden skjedde for to veker sidan på flyplassen i Manchester. Dei to valde å bli heime framfor å gå gjennom kroppsskannaren.

Ifølgje ei talskvinne for flyplassen har 15.000 tilfeldig valde passasjerar gått gjennom skannarane sidan dei vart installerte for ein månad sidan.

Dei kontroversielle røntgenapparata gjer det mogleg å sjå etter skjulte våpen og eksplosiv ved at dei viser klare silhuettar av kroppen til passasjerane. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.