Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Københavnpolitiet ventar på obduksjonsrapporten

(NPK-NTB): Dansk politi har sett store ressursar inn på å finne den som drap ein 42 år gammal kvinneleg norsk kabintilsett på eit rom på Radisson-hotellet på Amager tysdag.

Ein førebels obduksjonsrapport er venta onsdag.

- Før den er klar, vil det ikkje tene oss å spekulere for mykje rundt drapsvåpen og den direkte dødsårsaka, seier politiinspektør Ove Dahl i Københavnpolitiet til NTB.

Når obduksjonsrapporten er klar, vil han kome med ei samanfatning av kva politiet så langt veit om drapet tysdag på Radisson-hotellet på Amager i den danske hovudstaden.

- Det eg kan seie er at det er brukt omfattande vald og at det er tydeleg at det har vore ein kamp mellom kvinna og gjerningspersonen, seier Dahl. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.