- Løysinga ein no har funne, er ei klok og god løysing, sa Stoltenberg i spørjetimen onsdag.
Stortingsrepresentant Harald T. Nesvik (Frp) ville vite om Stoltenberg sjølv var orientert om utnemninga allereie i januar, men dette svarte ikkje statsministeren på.
- Det er lang tradisjon for å ikkje gjere greie for intern saksbehandling i regjeringa, sa Stoltenberg.
Næringsminister Trond Giske (Ap) bad kronprins Haakon delta i eit næringslivsutval som skal « dele erfaringar og kunnskap om ulike utviklingstrekk for norsk næringsliv og næringsstruktur i eit internasjonalt perspektiv»
Utnemninga vart kraftig kritisert frå fleire hald, og som følgje av dette valte kronprinsen å trekkje seg. (©NPK)

