Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Vurderer alternativ til kraftlinje i Hardanger

(NPK-NTB): Energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) held moglegheita open for å unngå den omstridde kraftlinja gjennom Hardanger.

Regjeringa vurderer no om ein opprusting av eksisterande kraftlinjer kan gi tilstrekkeleg forsyningstryggleik.

- Dersom dette kan gi ein trygg nok straumforsyning til Bergen, vil det vere beste alternativet. Då slepp me nye inngrep i naturen, seier olje- og energiministeren til Bergens Tidende.

Det er venta ar regjeringa i vår vil avgjere spørsmålet om å byggje ei ny kraftlinje gjennom Hardanger. Statnett har stått hardt på for å få klarsignal til bygging.

I Hardanger og Hordaland og blant naturvernarar er den lokale motstanden mot ei kraftlinje i luftspenn er stor. Argumentet er at « monstermaster» vil øydeleggje eitt av dei mest naturskjønne områda i landet.

Lokalbefolkninga ønskjer ei eventuell kraftlinje lagt i kabel, noko som vil koste monaleg meir. Ifølgje Bergens Tidende verkar kabelalternativet ikkje lenger å vere særleg realistisk. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.