Nedbøren i Noreg var langt under normalen. 52 prosent mindre nedbør enn vanleg vart fasiten. Berre vinteren i 1899-1900 var tørrare, skriv met.no. Vinteren blir rekna som månadene desember, januar og februar.
For Vestlandet vart det dei tørraste månadene i historia. Blautast var det i Agder. Der fekk ein 89 prosent av den nedbøren ein normalt kunne vente seg.
Temperaturmessig har det vore kaldare før. Årets vinter vart den ellevte kaldaste. Middeltemperaturen låg 2,5 grader under normalen. (©NPK)

