- Me jobbar med finansieringsmodellen. Eg har ikkje sans for ei rein 20 prosent medfinansiering frå kommunen si side, seier Navarsete til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Poenget med eit slikt system er at kommunane til å byrje med må kjøpe sjukehusplassar, men etter kvart som tilbodet blir bygd opp lokalt, vil pengane heller gå til lokal behandling.
- Dette er jo eigentleg den danske modellen. Erfaringane frå Danmark er ikkje hundre prosent gode, seier Navarsete.
Samstundes slår ho fast at samhandlingsreforma er ei reform for desentralisering og førebygging av sjukdom.
- Stortingsmeldinga skisserer tre finansieringsmodellar, og så får me lytte til det som no Stortinget konkluderer med i april, seier kommunalministeren. (©NPK)

