Foreldre har frå fødselen av seks månader på seg for å sende inn namnemelding på barna sine. Før sakene blir meldt blir det sendt fleire purringar.
- Veldig mange leverer inn namnemelding når dei blir varsla om at saka kan bli politimeldt, seier underdirektør Oddny Grotle Føleide i Skatt vest til Bergensavisen.
- Sjølvsagt tykkjer eg synd på barn som ikkje får eit namn. Når barna har vorte seks månader, får det automatisk etternamnet til mora dersom me ikkje har fått namnemelding. Men som fornamn blir dei ståande med «ikkje meldt», forklarar han.
Skatt vest omfattar fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. (©NPK)

