Fisken som snik seg unna statistikken, blir omtalt som « lekkasjefisk». Dette er laks som kjem seg ut gjennom små hol og maskespreng i notposen i merden.
- Fisken kan vere reine smittebomber for lakselus. Kvar rømde fisk kan ha mellom 20 og 40 lakselus på seg, seier forskar Ole Torrissen ved Havforskingsinstituttet til Fiskeribladet Fiskaren.
Det er ikkje snakk om massive rømmingar, men meir som ein jam straum av fisk som stikk av no og då. Torrissen meiner dei faktiske rømmingstala er minst dobbelt så høge som dei offisielle.
I fjor rømde det ifølgje Fiskeridirektoratet 170.000 oppdrettslaks i Noreg.
- Kanskje er dei faktiske rømmingstala opp mot tre til fire gangar høgare enn dei offisielle, seier Torrissen. (©NPK)

