Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Solberg vurderer partipisk i datalagringssaka

(NPK-NTB): Høgre-leiar Erna Solberg slår fast at ho er villig til å svinge partipisken over stortingsgruppa til Høgre for å sikre fleirtal i saka om datalagringsdirektivet til EU.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) er avhengig av støtte frå Høgre for å få fleirtal for datalagringsdirektivet. Solberg seier at ho er villig til å binde stortingsgruppa til Høgre dersom partiet får innfridd visse krav.

Solberg vil ikkje spesifisere kva slags krav Høgre vil stille for å seie ja. Partiet vil først avvente høyringa i Stortinget, skriv Aftenposten.

Direktivet opnar for at ein kan lagre datatrafikk i inntil to år, minimum seks månader. I Ap har mange tenkt at eitt års lagring kan vere tilstrekkeleg. Men i leiinga til Ap skal det ifølgje avisa bli vurdert slik at direktivet i seg sjølv er viktigast, og at Ap ikkje har vanskar med å godta for eksempel seks eller ni månader dersom Høgre krev det. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.