Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Dansk politi står framleis utan spor etter drap

(NPK-NTB): Dansk politi står framleis utan konkrete spor etter den eller dei som drepne ei 42 år gammal norsk flyvertinne på eit hotell i København måndag.

Tobarnsmora frå Hadeland vart sist sett i live då ha kom til SAS-hotellet på Amager i 16-tida måndag, saman med tre andre frå SAS der ho arbeidde.

I 20-tida same kveld høyrte vitne at det vart banka på døra til hotellrommet til kvinna i 20. etasje, og kort tid etter vart det høyrt skrik og støy frå rom 2025.

Tysdag formiddag vart 42-åringen funnen død på golvet av reingjeringspersonale som låste seg inn på rommet.

Etterforskinga har til no ikkje gitt konkrete resultat, og politiet trur kvinna kan ha vore eit tilfeldig overfallsoffer. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.