Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Sextrakasserte får ikkje hjelp

(NPK-NTB): Dei som blir utsette for seksuell trakassering på arbeidsplassen, får ikkje god nok hjelp, meiner likestillingsombodet.

- Seksuell trakassering på arbeidsplassen er brot på norsk lov. Men systemet er mangelfullt, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

- Personar som blir utsett for sexpress og seksuelle overgrep på jobben, får ikkje den hjelpa dei treng, slår Ørstavik fast overfor NRK.

Eitt av problema er at det berre er domstolane som har lov til å handheve lova på dette området. Likestillingsombodet kan ikkje bidra med same hjelp til dei som blir seksuelt trakassert som for eksempel til dei som har vorte diskriminert.

- Det er eit problem fordi me ikkje får sagt frå som samfunn om at dette er noko me ikkje vil ha noko av. Det resulterer i at dei menneska som blir utsett for seksuell trakassering, ikkje får saka behandla, seier ombodet.

I ei undersøking gjort av Synovate for Dagbladet i 2008 sa éin av fire at dei var blitt utsette for seksuell trakassering på arbeidsplassen. Langt frå alle saker kjem opp for retten. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.