Tybring-Gjedde tykkjer det er uforståeleg at Høgre-politikar Erling Lae er imot eit forbod mot hijab i skulen.
- Noreg bør no ta eit knallhardt oppgjer med islamiseringa som skjer rett framfor auga på oss, seier Tybring-Gjedde til Dagsavisen.
- Når foreldre tek hijab på ungane sine, er det for meg like ille som om dei skulle ha teke på dei Ku Klux Klan-kapper. Ingen ville vel godteke det, seier han vidare.
Frp-politikaren kallar hijab « ei religiøs tvangstrøye» som barn ikkje har bedt om å få ta på seg.
- Hijab er ikkje eit uskuldig stykke tøy slik Erling Lae vil framstille det. Hijab er eit uniformsplagg som symboliserer det å høyre til det muslimske fellesskapet, kvinneleg «reinheit», i tillegg til underkasting for Allah, seier Tybring-Gjedde. (©NPK)

