Dei to mennene skulle kjøle seg ned etter opphaldet i saunaen, og hoppa opp i det dei trudde var kaldt vatn, skriv avisa Komsomolskaja Pravda.
Vatnet i stampen var likevel varma opp til kokepunktet og dei to mennene omkom momentant. Ein kamerat prøvde fortvilt å hale dei to opp av stampen, men måtte gi opp.
Ein talsmann for politiet i Kirov, der ulukka skjedde, stadfestar at dei to mennene døydde av overoppheting.
- Eitt av ofra hadde sjølv ved ein feil sørgde for at vatnet i stampen var oppheta, opplyser politiet. (©NPK)

