Selskapet leverte måndag eit resultat før skatt på minus 304 millionar kroner i 2009, ei forverring frå 263 millionar kroner i 2008.
Driftsinntektene auka likevel frå 85 til 145 millionar kroner i same periode. I rapporten for fjerde kvartal understrekar selskapet at veksten held fram, og at helsekostproduktet Superba Krill er blitt godkjent for sal i EU-landa.
Måndag la selskapet også fram ein plan for refinansiering, med mål å skape eit solid fundament for vidare verksemd. Planen er å få tilført minst 550 millionar kroner i eigenkapital frå Aker ASA og dei andre eigarane.
Sjølv om leiinga i selskapet ser lyst på framtida, vart Aker BioMarine dagens store tapar på Oslo Børs. Ved lunsjtider hadde aksjeverdien falle med vel 27 prosent. (©NPK)

