Janukovitsj var i teten på valdagsmålingane og hadde tidleg i oppteljinga ei leiing på over 4 prosentpoeng.
Men med over 95 prosent av stemmene talt opp var leiinga skrumpa inn til 2,09 prosentpoeng.
Likevel opplyser valkommisjonen at avstanden no ikkje kan bli mindre.
- Objektivt sett kan ikkje leiinga minke meir. Den kan berre bli større, seier valkommisjonsmedlem Mykhailo Okhendovskij.
Han grunngir dette med at stemmene som ikkje er talt opp, kjem frå Krim og den austlege byen Luhansk, område der Janukovitsj tradisjonelt har stått sterkt. (©NPK)


