Ali Akbar Salehis kunngjering kom søndag kveld etter at president Mahmoud Ahmadinejad gav Irans atomenergiorganisasjon ordre om å begynne produksjonen av høgopprika uran til ein forskingsreaktor.
- Iran kjem til å byggje ti anlegg for å rike opp uran det neste året, seier Salehi på organisasjonens nettsider.
Planane om å byggje nye anlegg vart offentleggjort alt i november i fjor, men det vart den gongen ikkje gitt nokon tidsramme for bygginga.
Vesten fryktar at Iran skal bruke atomteknologien til å utvikle atomvåpen, medan Iran på si side står fast på at atomprogrammet berre er til fredelege føremål. (©NPK)

