Avtovaz vil ved kommande årsskifte ha opparbeidd seg ei gjeld på 76,3 milliardar rubel eller nesten 14,5 milliardar kroner. I tillegg kjem store beløp som selskapet skuldar underleverandørar.
Det har den russiske viseministeren for industrisaker, Andrej Dementjov, fortalt, ifølgje finansavisa Kommersant.
Franske Renault kjøpte i februar 2008 ein firedel av aksjane i Avtovaz, for å sikre seg ein del av den raskt veksande russiske bilmarknaden. Russlands statsminister Vladimir Putin har åtvara Renault om alvorlege følgjer, dersom selskapet ikkje hjelper Avtovaz ut av krisa. (©NPK)

