Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Pårørande fortvilar over situasjonen til eldre

(NPK- NTB): Ei fersk doktorgradsavhandling viser at fleire eldre som står på venteliste ikkje får tak i nok mat og drikke og lever under uverdige forhold.

Uro og fortviling pregar livssituasjonen til pårørande av eldre som ventar på sjukeheimsplass. Det er Aud-Mari Sohini Fjelltun ved Universitetet i Tromsø som står bak den ferske avhandlinga.

- Pårørande og pleiarane var ofte bekymra, særleg dersom dei eldre hadde ein demenssjukdom som var langt komen. Dei frykta at dei eldre kunne falle og bli liggjande hjelpelause, starte ein brann, sleppe inn uvedkomande, eller gå tynnkledd ut - og i verste fall fryse i hel, fortel Fjelltun.

Undersøkinga viser at nokre av dei eldre mangla kontroll med urin og avføring, men nekta å ta imot hjelp til å dusje og stelle seg.

- Ein del pårørande som budde saman med dei eldre opplevde at dei måtte ha tilsyn 24 timar i døgnet. Pleiarane var frustrerte over manglande ressursar i heimesjukepleien, og fleire vurderte å skifte arbeidsplass, seier Fjelltun.

I avhandlinga blir eldre som venta på sjukeheimsplass samanlikna med bebuarar på ein sjukeheim. Totalt sett var dei som budde på sjukeheim meir skrøpelege, men på mange viktige område var dei to gruppene like, noko som dokumenterte arbeidsinnsatsen til dei pårørande og behovet for større ressursar i heimetenesta. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.