Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Grunnleggaren

Det einaste vi veit om korleis Sivert Knudsen Aarflot såg ut er denne siluetten, som gjerne vert presentert under hans eige verbale sjølvportrett:

Jeg taaler at bedømmes
Men aldrig vil berømmes.
Jeg er kun Bondemand,
Der stræber for at gavne,
Men ei for Rang og Navne
Arbeider for min Stand.

Les kva Dansk biografiske Lexikon skriv om:
Aarflot, Sivert Knudsen,
1759-1817, landøkonomisk Forfatter...

Les meir

Landets første trykkeri på landsbygda

Møre og Aarflots Prenteverk har ei lang og rikhaldig presse- og trykkerihistorie. Mannen som starta det heile var Sivert Knudsen Aarflot og det var opplysningstrongen som var drivkrafta då han søkte Danske-kongen om løyve til å starte prenteverk i 1807. Løyve fekk han i 1808 og i 1809 starta han opp med trykkeri på Ekset i Volda.

Etter dagens målestokk var det ikkje rare trykkmaskina han hadde den første tida. Ei eikreramme til å spenne fast sidene som var samansett av lause blybokstavar. For å få sverte på bokstavane vart det brukt to skinnballar. Eit papir vart lagt oppå blysatsen og eit kjevle som vart trilla over papiret, trykte papiret ned mot blybokstavane.

Frå 1810 gav han ut Norsk Landboeblad, som er forløparen til Møre. I dag er avisa den eldste avisa på landsbygda og den nest eldste i Noreg. Berre Adresseavisa i Trondheim er eldre.

Les trykkeri- og avishistoria med å gå inn på artiklane til høgre. Det er Øystein Sande, historikar ved Høgskulen i Volda, som er forfattar. 

Norges nest eldste avishus

Les meir

Norsk Landboeblad

Les meir

Postbudet

Les meir

Møringen

Les meir

Ugebladet

Les meir

Møre

Les meir