Semje om nye Syria-samtalar

(NPK-NTB-Reuters): Representantar for Syrias president Bashar al-Assad og den syriske opposisjonen har blitt samde om ein ny runde med samtalar i Moskva.

Det har førebels ikkje blitt sett nokon dato for samtalane, ifølgje den russiske meklaren Vitalij Naumkin.

– Det ville vore naivt å tru at partane skulle løyse alle problema i den første runden med samtalar, seier han.

25 representantar frå den syriske opposisjonen har sidan måndag diskutert Syrias framtid på eit møte i Moskva. Gjennom veka har også representantar frå Assad-regimet slutta seg til.

Nasjonalkoalisjonen av syriske revolusjons- og opposisjonskrefter, den største syriske eksilgruppa, har ikkje delteke i møta i Russland, fordi landet er ein av dei sterkaste støttespelarane til president Assad. (©NPK)