Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Unge golfarar


Kai Bjørke og Ole Magnus Orlien ved Volda Golfklubb ser Knøttegolf som ein moglegheit til å få aktiviteten opp i klubben.

1.mai var det ein litt anna skare som hadde teke golfkøllene fatt, dette var dagen for knøttane og aktiviteten var stor.

Kai Bjørke og Ole Magnus Orlien ved Volda Golfklubb ser Knøttegolf som ein moglegheit til å få aktiviteten opp i klubben.

Kine (5) og Sara (5) synest det er kjekt å spele golf. Dei begge hadde teke turen samane med fedrane sine som også er temmeleg golfinteresserte.

Markus (6) skal til å slå eit slag, og teknikken ser ut til å allereie ligge inne.

1. mai var det dei unge som regjerte golfbana i Vassbotnen. Og knøttegolf såg ut til å vere like populært mellom dei unge som mellom fedrene.

Til Vassbotnen og golfbana der hadde gutar og jenter i alderen 5 til 12 år teke turen 1. mai. Saman med sine golfinteresserte fedre fekk dei lære korleis golfkøllene skulle brukast, og utstyret var godt tilpassa dei små.

- Det er første gongen vi arrangerar open dag berre for barn, og oppmøtet må seiast å vere godt, kan Kai Bjørke ved Volda Golfklubb fortelje.

- For oss er det eit godt tiltak som mogleges kan vere med på å få aktiviteten i klubben opp, samtidig som vi tek til oss moglege rekruttar. Om interessa hjå dei små vedvarar, har vi planar om å leggje opp til trening ein gong i veka. Her får dei små ta ulike merker, før dei til slutt får ta grønt kort når dei er klare til det, legg Bjørke til.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.