Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Unik NM-siger for volleyballgutane

Gullvinnarane frå KFUM-Volda: Framme frå venstre: Martin D. Ose, Ruben Dale, Rune Wangen, Øyvind R. Osdal, Henrik S. Dalen, Øystein V. Dimmen, Torfinn S. Madssen. Bak frå venstre: Jan Asle Arntsen, Øystein L. Eldholm, Odd Magnus Øvregaard, Kristoffer Fure, Jonas Kvalen, Sigurd Festøy (med pokalen) og Olav B. Hunnes. Foto:Torgeir Dimmen.

Volleyballgutane til Kfum Volda har skrive historie. Og dei har gjort noko det ikkje skal vere lett å gjere oppatt etter dei!

Med same mannskap som dei vann NM for G16-lag i fjor, vann dei NM i år også!

Og prestasjonane til dette laget sluttar på ingen måte med dette. Det var same laget som hevda seg heilt i landstoppen under NM for G19-lag sist helg.

Og som om ikkje det var nok: - Hadde det ikkje vore for at flesteparten av gutane har tenkt å konfirmere seg til helga som kjem, og dermed må vere heime i Volda, hadde dei vore favorittar til å vinne NM for G17- lag i Bodø, forsikrar trenaren som etterkvart bør ha sikra seg heltestatus i volleyballmiljøet.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.