
FÅR PRØVE SEG: Ida Vartdal (t.v.), Anne Marta Myklebust og Joachim Vartdal har fått prøve seg som filmskaparar denne våren.
Dei har arbeidd dag og natt for å bli ferdige. Onsdag viser 17-åringane filmane sine på Rokken.
- Det blir spanande å sjå dei på storskjerm, seier Ida Vartdal.
Onsdag debuterer ho, saman med mange andre, som filmskapar under
elevdagen på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Det siste året har
andre klasse i Medium og kommunikasjon på Volda vidaregåande skule laga
både dokumentar- og animasjonsfilmar.
- Det har vore kjekt å få prøve seg som filmskapar. Og spanande å bli kjend med så mange menneske, fortel Ida.
Inviterer voldingar og ørstingar
-
Elevdagen er ein flott sjanse til å få sjå kva som rører seg blant unge
og lovande filmskaparar, seier Ingrid Sunde som er
informasjonsansvarleg for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Ho
oppfordrar voldingar/ørstingar til å møte opp på elevdagen onsdag. Frå
klokka 10 på Rokken vil elevar frå Volda vidaregåande skule, Fagerlia
vidaregåande skule og Møre Folkehøgskule få vise fram filmane sine på
storskjerm.

