
Vassendgutane slapp den nye plata, som er den fjerde i rekka, for litt over ei veke sidan. Og ”XO” vart varmt motteken både av gamle og nye fans. 30.000 eksemplar er selde, noko som tilsvarer utmerking i platina for bandet. Denne veka bar det rett opp på førsteplass på VG-lista, over store namn som Muse, R.E.M og Rolling Stones for berre å nemne nokre.
Det har vore travle dagar for Vassendgutane sidan platesleppet. Måndag morgon var det besøk i TV2-studio der karane var gjester i God Morgen Norge. Seinare same dag var det intervju med hovudstadavisene, radiokanalar og ei rekke andre media. To av bandmedlemmene, Sindre Aam og Arthur Johan Bjørdal, er i desse dagar på promoteringstur over heile austlandet.
Også i tida framover er timeplanen full for Vassendgutane. Speleplanen er full heilt fram mot sommaren. Komande fredag skal karane til Dønhaug Gard, Uskedalen. Dagen etter spelar dei på Hovden skisenter. Neste helg reiser dei til Rissa og Ostasjøen. Første fredagen i mai er det Åndalsnes som står for tur.
Gutane spelar på heimebane utandørs den 14. juni. Det vert elles ein konsert i Fosnavåg siste dagen i mai.
