
Stjerneholet går gjennom massivt fjell og det ser ut til å halde same forma heile vegen. Holet er 6 cm i diameter.
Under arbeidet med å hakke vekk fjell fredag, vart eit
merkeleg hol avdekt på Vikeneset. Holet ser ut som ei sjukanta stjerne og går
inn i massivt fjell. Omlag fire meter av holet er avdekt, men det går vidare nesten vassrett inn i fjellet.
Brøytførar Ole Gunnar
Krøvel merka holet under anleggsarbeid ved Kiropraktorsenteret fredag. Siste
tida har firma K. A. Aurstad dreve gravearbeid. Fredag var mykje av lausmassene
fjerna og ein hadde kome ned på massivt fjell. Holet har gått gjennom
fjellmassene Krøvel har fjerna i rundt fire meters lengde, og går vidare inn
gjennom fjellet parallelt med fjorden i nord/vestleg retning, og stjerneholet
hallar svakt nedover.
Krøvel har aldri sett
noko liknande i si over 30 årige karriere med anleggsdrift.
Kjell Arne Aurstad, i KA Aurstad,
kunne heller ikkje gi noko fullgod forklaring på det som har laga holet, men fortel
at det er vanleg å treffe på revner og holrom ved tunneldriving.
Kuriositet
Fylkesgeolog i Møre og
Romsdal, Einar Anda, seier til Møre at han ikkje kan gi noko fullgod forklaring
på det sjukanta holet.
Etter å ha sett foto som
Møre har teke, er det første som slår han at holet på ein eller annan måte kan
vere bora med ein slagbor. Men etter å ha høyrt korleis holet går vassrett inn
i fjellet, som har vore dekt av leirjord heilt fram til i dag, har han vanskar
med å forklare stjerneholet.
No vil fylkesgeologen ta
med seg fotoa vidare til Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) for å høyre om
dei har noko forklaringing på det.
Kjenner ikkje til stjernehol
Møre har vore i kontakt med fleire fagfolk som driv med boring i fjell, ingen av dei har nokon gong høyrt eller sett noko liknande.
Stjerneholet kan sjåast
To av steinblokkene som er pikka lause, ligg i nord/austre-kant av parkeringsplassen ved Kiropraktorsenteret på Vikeneset i Volda.Det er fullt mogleg å sjå det spesielle stjerneholet som går gjennom desse steinblokkene.

