
Voldingen Torgeir Tønnesen har ikkje gløymt gamle kunstar. I helga gjorde han comeback i vektløfting, og tok like godt sølv i si klasse i NM. No ønskjer han dessutan å høyre om voldingar som kan vere interesserte i å danne klubb innan sporten.
NM gjekk av stabelen i Stavanger sist helg. Der starta
Tønnesen som veteran i klassen 105 kg.
Under NM greidde Tønnesen 95 kg i rykk og 122 kg i støt. Til saman 220 kg, noko
som plasserte han berre tre kg under gullvinnar Geir Hestmann frå Oslo.
Etter denne sterke innsatsen ønskjer Tønnesen å igjen satse litt på sporten.
- Eg håper å kunne satse litt fram mot senior-NM om eitt år, seier han.
Les meir i Møre.
