
* Arild Iversen er stolt over bygda si, og syng gjerne ei serenade om det gjev tilflyttarar og auka sysselsetting. Foto: skjermdump.
Tre
journalistikkstudentar ville dekkje opninga av Kvivsvegen på ein
annleis måte. Med fire ordførarar på laget har det blitt produsert ein
video som har fått nasjonal merksemd.
Sjå video her
Det er ikkje kvar dag
ein får sjå Ørsta-ordførar Rune Hovde og Volda-ordførar Arild Iversen
kjempe om gunsten til ei og same "dame". Men Kvivsvegen fekk det til.
15.000 visningar
Den
elleville musikkvideoen, produsert og regissert av
journalistikkstudentane Mari Reisjå, Marte Folkedal Lie og Helga Woll
Lunder, har i løpet av to døgn oppnådd 15.000 visningar på nettstaden
youtube.com. Så populær vart videoen, at den hamna på topp både på vg.no
og sol.no ei periode søndag kveld. I kommentarfeltet under videoen kan
ein lese mangt og mykje, og kommentarane skiftar mellom "har aldri vore
så flau over å vere norsk, nokosinne" til "dette var fantastisk god
underhaldning!" Same kva ein måtte meine om filmen - den går sin
sigersgang på Internett, og har gitt Kvivsvegen merksemd langt ut over
fylkesgrensene.
- Må ha lov å vere uformell
Ein av hovudrolleinnehavarane, Volda-ordførar Arild Iversen, tek oppstyret kring videoen med stor ro.
-
Eg har fått mange positive tilbakemeldingar, men eg har sjølvsagt
respekt for dei som ikkje likar videoen også, seier han, og minner om at
sjølv ordførarar må ha lov til å vere uformelle av og til.
- Eg
trur folk flest tek dette stuntet med låge skuldrar. Videoen er meint å
vere morosam og kreativ, og det tykkjer eg studentane har klart, seier
han. Iversen vedgår at studentane nok har vore meir kreative enn
ordførarane sjølv ville ha klart å vore.
Godt humør
Iversen seier han tek videoen med godt humør, og at han ikkje har tenkt så mykje på det endelege resultatet.
-
Dette var ei eingongshending. Eg vonar sjåarane tek videoen for det den
er; uhøgtideleg og morosam. Det er ikkje denne måten eg som ordførar
vil kommunisere viktige saker til innbyggjarane på i framtida, lovar
Iversen. Han vil likevel ikkje avvise å stille opp på liknande prosjekt
ein gong i framtida, dersom høvet skulle by seg.
- Opninga av Kvivsvegen var ein fest, og ein må sjå videoen i samanheng med dette, slår han fast.
