Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Dyttar igang paddeballen



Utan at dei veit om det sjølv, så vart det reine julekvelden for paddene i Austefjorden fredag. Løyvingane som vart gitt av Sparebank1 Søre Sunnmøre under Kvivsvegkonferansen, kan vere det som får paddeballen til å rulle.


Banksjef John Arne Winsnes i Sparebank1 Søre Sunnmøre, fortalde at dei 12.500 paddene ved Litlevatnet vil stå for 25.000 passeringar av Kvivsvegen i løpet av ein sesong. Om han tok med ungpaddene vil det vere snakk om heilt andre tal. – Estimat tilseier eit trafikktal for desse på mellom 100.000 og 2 million, opplyste Winsnes.

Identitet
-    Eg vil framheve at naturfenomenet er med på å skape ein identitet både for Kvivsvegen og for  lokalmiljøet i Austefjorden. Det å vere tilhengar av denne vesle, mjuke skapningen er ikkje så farleg, og kanskje vert vi menn litt mjukare om vi tek med oss borna og forklarer kva som går føre seg ved Litlevatnet, sa Winsnes.

PaddeAPP
Når ein banksjef snakkar så oppglødd over ei sak, så betyr det gjerne noko meir.
-    Vi vil sponse utviklinga av  ein padde APP. Denne er tenkt skal innehalde informasjon om naturfenomenet og visualisere dette. I og med at paddesesongen er ein kort periode om våren, så er målet med ein slik APP å spreie kunnskap med hjelp av dagens teknologi, og gjere det interessant å stoppe ved anlegget også utanfor paddesesongen, kunngjorde Winsnes og la til at APPen kunne brukast på eit lesebrett som iPadden.

Paddeskilt
Sparebank1 vil også gi pengar til eit informasjonsskilt ved Litlevatnet.
-    Skiltet skal mellom anna rettleie for ferdsel i området. For det er slik at mange skodelystne tek turen ned til vasskanten for å sjå på paddene, og dei vil då sjølvsagt utgjere ein fare for å trakke særleg på ungpaddene.

Paddefilm
-    Vi har også gått inn og sponsa Blåst Film sitt prosjekt, som er ein naturdokumentar om paddene ved Litlevatnet. Filmprosjektet er no fullfinansiert og er tenkt vist på NRK vinteren 2012/14. Denne dokumentaren er eit viktig bidrag til å setje prosjektet på kartet og spreie kunnskap om denne attaksjonen vi har i Kvivsvegen. Are Pilsskog er nominert til årets Amandapris for dokumentaren Havets sølv.

Paddeskulptur
Banken har også engasjert lokalkunstnar Robert Steines til å lage padda i litt større format.
-    Han har tenkt å utføre denne i betong. Dette fordi betongskulptur ikkje er så vanleg og det passar gost inn i landskapet, som består av betongelement frå før. Han har tenkt å bruke stein som ein del av strukturen på padda, og han kan godt tenkje seg å finne stein lokalt der inne, fortalde Winsnes som måtte kome med ei erkjenning: . Eg har sjølov blitt paddeentusiast.

Paddeballen har starta å rulle
-    Dette var fantastisk og hyggeleg, sa Gunnar Wangen etter gåvedrysset frå Sparebank1. – Å bli tatt på alvor av banken med at dei gir denne gåva, er ei anerkjenning. Det er ei tydeliggjering av potensialet som ligg i paddene.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.