
Fredag var skiltet ved Kjøs bru delvis dekt til. Frå laurdag vert skiltet gjeldande.
Fredag var skiltet som skal vise veg frå Kjøs bru til Volda på plass. Laurdag vert det avdekt.
Trass
i at Kvivsvegen er ein parsell av E39, manglarvegen vegen E39-standard
mot Volda. Her står Hjartåberget fram som ein særs rasfarleg vegstump,
der det for tida er stor vegarbeidaktivitet. Det er ikkje mange vekene
sidan det var gjennomslag i Hjartåbergtunnelen, som skal stå ferdig
hausten 2013. Inntil då kan ikkje eit E39-skilt med heiltrukken stripe
settast opp, korkje på Kjøs bru eller på ferjekaia i Volda.
Berre ved Kjøs bru
For nokre få veker sidan vart det
gjort eit vedtak hos Statens vegvesen, som likevel opnar for ei viss
skilting. Etter det Oddbjørn Pladsen, prosjektleiar for Kviven, har
fortalt, går vegvesenet ut frå at dei som kjem frå nord kjenner til
Kvivsvegen. Dei går også ut frå at dei som kjem frå sør ikkje er så
lokalkjende, difor ønskjer vegvesenet å hjelpe dei til å finne vegen
gjennom Kvivsvegen. Løysinga vart å setje opp eit E39-skilt med stipla
stripe rundt, som viser veg til E39 ved Volda ferjekai, gjennom
Kvivsvegen ved Kjøs bru. Ved ferjekaia i Volda vert det ikkje skilting
som viser veg via Kvivsvegen.