annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Spanande med kort veg til Volda


Leif Harald Nordal og Nils Haugen ser mange nye mulegheiter med kort veg til Volda.

 -Det vert kortare for oss til tilboda dei har i Volda og det vert kortare for voldingane å kome til Hornindal, seier Leif Harald Nordal og Nils Haugen. I dag førebur dei seg på Kvivsvegopninga med å selje t-skjorter, til inntekt til skuletur.

Kvivstunnelen Grodås - Volda står det på t-skjortene 9. klasse ved Hornindal ungdomsskule sel. Dei har sett mulegheiter med å tene pengar på tunnelopninga, men dei ser også sjansane dei får med den nye tunnelen.

- Det vi her i Hornindal kjem til å bruke tunnelen mest til er nok veg til handel og fritidstilbod, seier lærar Nils Haugen. Han er utdanna i Volda, men må innrømme at sidan studietida har det vore få besøk i Volda. Noko han har tru på  vil endre seg med Kvivsvegtunnel. - Eg har høyrt at nokre elevar allereie har snakka om ballettilbodet dei har på andre sida av Kvivsvegtunnelen.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.