Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Mann påkøyrd av tømmerbil


Ein mannleg syklist vart frakta til sjukehus med helikopter, etter at han vart påkøyrt av ein tømmerbil. Ulukka skjedde på Mo, i Ørsta.

Då brannvesenet kom fram og tok hand om mannen, var han bevisst og kunne kommunisere med hjelpemannskapet. Mannen vart frakta i ambulanse til Ørsta sentrum, der eit legehelikopter kom og henta han.

Syklisten låg att på asfalten
Ulukka skjedde i svingen rett fram om Rossåa. Tømmerbilen var på veg mot Ørsta sentrum. Ut av svingen kom ein personbil.

- Vi såg at det var ein syklist i øvste del av vegbana då tømmerbilen kom mot oss. Då vi hadde passert tømmerbilen, såg vi at ei dame veiva med armane. Vi såg i spegelen og merka at syklisten var borte. Etter nærare undersøking fann vi han liggande på asfalten, opplyser dei som var i den møtande personbilen. - Tømmerbilen merka ikkje at han køyrde på syklisten og køyrde vidare.



Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.