
Samferdselspolitikaren
Odd A. Folkestad har fått solid kvalitetssikra støtte for sin til no
litt einsame kamp for å få lagt E39 over Stigedalen frå Eid med hengebru
over Voldsfjorden. Samfunnsnytta med å velje dette framfor det indre
mot Stryn som Volda så langt har gått for, utgjer kostnaden med over to
Kvivsvegsamband!
- For
Volda-regionen er denne rapporten som julaftan og 17.mai på ein gong. No
har vi fått Kvivsvegen som eit godt austsoversamband. Og no har vi fått
ein kvalitetssikringsrapport som også gir oss stamveg gjennom
Stigedalen med bru over Voldsfjorden, konkluderer Odd A. Folkestad.
-
I forhold til det som er kjent frå tidlegare om E39 som stamveg mellom
Skei og Volda gjennom det Statens Vegvesen har lagt fram i si
konseptvalsutgreiing, så er dette som vert fastslått i kvalitetssikringa
dramatisk. Og eg forstår det er eit sjokk for mange å måtte innsjå at
no vil stamvegen i det minste av samfunnsøkonomiske grunnar måtte kome
med bru Lote - Anda, vidare gjennom Stigedalen og så med hengebru over
Voldsfjorden, seier Odd A. Folkestad.
Har fått dokumentert enorm samfunnsnytte
-
Samfunnsnytte med å velje dette framfor det "alle" har gått for til no
med ei vidareføring frå Kvivsvegen og over Nordfjorden inne ved Stryn,
er enorme 2,5 milliardar kroner. Berre "netto nytte gevinst"
(NNV)/innsparinga som er fastslått her gjennom kvalitetssikringa er til
dømes to gongar større enn det samfunnet har investert i heile
Kvivsvegen....! Når i tillegg også alternativa gjenom Stigedalen er dei
som oppfyller best alle målkrav vil det vere politisk umogeleg å velje
andre alternativ, seier Folkestad.
Vidare peikar han på at:
-
Begge dei 2 fjordkryssingsalternativa i Volda (K7 mot Ullaland og K6
Krumsvikneset-Greivsneset) ligg i ei eiga klasse med omsyn til "netto
nytte".
- KS1-rapporten rangerer så vidt K7 framom K6, men då er det interessant å lese i rapporten:
- Ikkje prissette som t.d. miljø og naturressursar er dårlegare ved K7 enn K6
- Om ein lengjer analyseperioden litt over 40 år, så kjem K6 og best ut og med "netto nytte"
- Det kan og tilføyast at K6 vil overflødiggjere ferjesambandet mellom Folkestad-Volda.
Voldaregionen har stor grunn til å juble
Det
er på oppdrag frå samferdselsdepartementet og finansdepartementet at
selskapet Terramar AS har kvalitetssikra vegvesenet sin KVU med ulike
alternativ for E39 frå Skei og nordover. Kvalitetssikringa er gjort
etter dei reglar Finansdepartementet har fastsett ved store statlege
investeringar.
Og Folkestad understrekar at
ikkje berre han, men heile Voldaregionen, har grunn til å juble over det
som no peikar seg så klart ut som stamvegtrase.
-
Her skal vi også glede oss over stadfestinga som samferdselsstatsråd
Marit Arnstad kom med på konferansen der dette vart presentert, - at
dette vert lagt til grunn i NTP-en som kjem til våren. Sjølv om også
Volda, -med det talgrunnlaget som Statens vegvesen då presenterte, valde
alternativet K10 mot Stryn og indre Nordfjord, så må ein vere temmeleg
naiv om ein trur at finansministeren og regjeringa vil sløse vekk fleire
milliardar på dette når her er alternativ som ikkje berre er enormt
mykje billegare, men også er betre. For Voldaregionen er det som sagt både julaftan og 17.mai samtidig, -og i fleire år på ein gong.
Grunngjevinga mi for den påstanden, er at her kan vi få eit heilt nytt
storprosjekt med hengebru over Voldsfjorden, så tunnel i Stigedalen og
vidare til ny bru Lote - Anda. Dette gir ikkje berre eit meir tenleg
nord -sør samband, det knyter oss også langt betre opp mot ein større
arbeidsmarknad-region, konkluderer Folkestad.
Finansdepartementet sin utrekningsmal
Han
peikar på at for regjering og Stortinget som skal ta endeleg avgjerd i
denne store vegsatsingssaka, har det vore viktig å få denne
kvalitetssikringa. Den engasjerte og uredde politikaren ser at
hovudårsaka til den enorme skilnaden i kostnad som kjem fram mellom det
Statens vegvesen la fram i KVU-en, og det kvalitetssikringsrapporten
(KS1) viser om kva som vert netto nytte for samfunnet, er vesentleg.
Noko av det mest vesentlege her er at kvalitetssikrarane etter pålegg
frå Finansdepartementet, har lagt til grunn ein analyseperiode på 40 år,
medan Statens vegvesen la til grunn berre 25, og dei har lagt til grunn
ein annan måte å berekne renter på.
Folkestad
finn elles kvalitetssikringsrapporten full av gode grunngjevingar for å
velje det stamvegalternativet han har kjempa for heile tida. Etter denne
rapporten trur han ikkje nokon kan vere i tvil. Og han håper indarleg
at det ikkje har gått prestisje i saka for dei som til no har utgjort
det store fleirtalet, og som på grunnlag av dei usikra reknestykka til
Statens vegvesen, valde alternativet frå Kvivsvegen mot Stryn.
-
No har vi fått Kvivsvegen og skal vere veldig glade for det. Det vert
eit godt aust-vest samband. Men for nord-sør sambandet vil dette langt
rimelegare sambandet over Voldsfjorden vere mykje betre. Ikkje minst vil
det gi oss ein langt meir tenleg og ihopknytt arbeidsmarknadregion,
understrekar Odd A. Folkestad.