
Transformatoren
på lasteplanet gjekk hol på då bilen måtte bråbremse.
Ulukka skjedde på Mork, på vegen opp mot Morkaåsen. (Foto: Sven Giske)
Då ein transformator skulle fraktast med lastebil, måtte bilen bråbemse og transformatoren vart støtt mot framgavlen på lasteplanet. Dermed gjekk det hol på transformatoren og eit ukjent tal liter med olje rann ut.
Det
var måndag rett før kl. 12 at ulukka skjedde. Ein lastebil frå Tussa
hadde ein transformator på lasteplanet, og då lastebilen måtte bråbremse, på Mork, vart det slått hol i transformatoren. Dermed lak det olje frå han.
Brannvesenet
rykte ut og starta med oppsamling av oljen på bakken og oljen som rann
frå transformatoren. Då det dreia seg om ganske mange liter olje måtte
brannvesenet ha assistanse frå VØR, som kom med ein stor tank.
Oljelekkasje på Mork
- Publisert dato:
- måndag 17. september 2012, klokka 12.52.59
- Sist endra:
- måndag 17. september 2012, klokka 12.59.58
- Artikkelforfattar:
- Tore Aarflot
- Synspunkt på artikkelen?
- red@mre.no
Tips ein ven
Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.