annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

13 gull til Ørsta IL friidrett på Sparebanken Møre leikane


* Anna Hjellen Haugland (J10) tok gull i alt ho var med i.

Det vart 13 gull til Ørsta IL friidrett på Sparebanken Møre leikane på Høddvoll laurdag 15. september. 


Voldingen Anna Hjellen Haugland (J10) var den utøvaren frå Ørsta IL friidrett som imponerte mest. Ho vann alle fire øvingane ho var med i. I kule var ho heilt suveren og støtte heile 6,70 meter. I spyd kasta ho 18,67 meter. Dei to prestasjonane gav høvesvis 994 og 966 poeng på Tyrving-tabellen.
Maria Sætre (J11) er ein av dei mest lovande høgdehopparane i Ørsta IL no. Ho vann i høgde med 1,20 meter, og ho har meir å gå på. Spydtalentet og voldingen Elias Hovden Nilsen (G11) kasta 23,36 meter og vann si klasse. Jens Jørgen Winsnes (G12) spesialiserer seg på løp og vann 60 meter med tida 9,36. Åse Øyehaug (J11) vann 60 meter hekk etter ein imponerande spurt, med tida 12,51. Andrine Hjellen Haugland (J13) kasta heile 30,93 meter i spyd og vann med glans den øvinga.
I tillegg fekk Maria Tamires Birkeland (J15) fleire gull. Ørsta IL fekk og ein del sølv- og bronsemedaljar.
Ørsta IL friidrett stilte med 17 utøvarar på stemnet. Gruppa opplever stor framgang blant dei yngre utøvarane. Det var mange rekruttar frå som beit godt frå seg.
Sparebanken Møre leikane opplevde deltakarrekord med over 230 påmelde utøvarar.



Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.