Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Ørsta-elevar tek tempen heime

Kor varmt er det i romma i norske heim, og kven styrar energibruken? Det er to av spørsmåla 6A ved Velle skule skal finne svaret på.

6A ved Velle skule deltek i forskingskampen 2012, og skal kartlegge innetemperaturen i fire rom heime, og intervjue barn og vaksne om energibruken.

Kva gjeng føre seg heime?
Norges forskingsråd og Miljøælære.no står bak kampanja, der ovannemnte oppgåver er sentrale.
-    I Norge veit forskerane mykje om kor mykje energi vi nyttar, som bensin til bilar, og elektrisitet til fabrikkar bustader. Det ingen veit så mykje om, er kva folk nyttar elektrisk energi til heime. Elevane som deltek i forskingskampen 2012 får prøve seg både som naturvitarar og samfunnsforskarar. Påmeldte skular har fått tilsendt klassesett med termometer, fortel administrerande direktør i Forskningsrådet, Arvid Hallén.

Resultata vert analysert
Registreringa av energibruk i bustader startar 19. september, same dag som Forskingsdagane vert innleia. Kampanja vil vare fram til 24. oktober.
Forskarar hjå Senter for energi- og miljøøkonomisk forskning vil analysere resultata og utarbeide ein rapport etter at kampanja er over.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.