annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Avgjerande kva nordfjordingane vel


Så langt er det gjort avtale om eit fødesamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF (Volda sjukehus) og Helse Førde HF. Kva som skjer vidare er avhengig av kva mønster som dannar seg  for andre fagområde.  Dette blir avgjerande for Volda sjukehu

Adm. direktør. i Helse Møre og Romsdal legg fram sju alternative løysingsmodellar for sjukehusstruktur i Møre og Romsdal, til styremøtet 11. september. I saksutgreiinga vert det slått fast at på grunn av opninga av Kvivsvegen, vil Helse Møre og Romsdal HF overvake utviklinga i pasientstraumane tett.


Etter det som går fram i saksutgreiinga går det fram at Nordfjordingane og innbyggjarane på Søre Sunnmøre, kan gå saman om eit sjukehustilbod ved Volda sjukehus. Vinsten for nordfjordingane vil vere at dei slepp å reie heilt til Førde. Dei på Søre Sunnmøre vil behalde lokalsjukehuset sitt.

Bruk av Kvivsvegen vert avgjerande
I styresaka for ”Alternative løysingsmodellar – Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF” vert det slått fast ein del viktige moment for Volda sjukehus.
”Framtidig innhald og struktur ved sjukehuset i Volda er mellom anna avhengig av kva som skjer med Nordfjord sjukehus og Helse Førde HF (Helse Vest RHF) sine avklaringar.
Så langt er det gjort avtale om eit fødesamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF (Volda sjukehus) og Helse Førde HF. Dette samarbeidet trer i kraft 1. oktober med opninga av Kvivsvegen. Som følgje av opninga av Kvivsvegen, vil Helse Møre og Romsdal HF overvake utviklinga i pasientstraumane tett, for å sjå kva mønster som dannar seg også for andre fagområde.
I tillegg til den uavklarte situasjonen mot Helse Førde HF, er spørsmålet om fjordkryssing av Storfjorden mot Ålesund uavklart. Desse tilhøva gjer at det er naturleg å avvente enkelte konklusjonar knytt til framtidig struktur og funksjonsfordeling mellom Ålesund og Volda. Når desse forholda er avklara, er det naturleg å bruke dei same overordna prinsipp kva gjeld struktur og funksjonsfordeling som vert vedtekne for føretaket elles.”

Vil ha berekraftig sjukehustilbod
I ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal, heiter det at det er omsynet til eit berekraftig sjukehustilbod i framtida, som ligg til grunn for modellane administrasjonen legg fram.
– For å sikre eit berekraftig tilbod er vi mellom anna avhengige av robuste fagmiljø med høg kompetanse. Vi må også kunne drive innanfor dei økonomiske rammene som vi får frå vår eigar. Det er krevjande når vi allereie i dag har store investerings- og driftsutfordringar knytt til sjukehusa våre, seier administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal HF.

Like prinsipp for nord og sør
Prosjektleiar Espen Remme fortel at den prinsipielle tenkinga kring sjukehusa er lik for heile helseføretaket.
– For Ålesund er det avklara regionalt at sjukehuset skal ha eit breitt tilbod. For Volda er det tilhøve knytt til kryssing av fjorden mot Ålesund og samarbeid med Helse Førde som gjør at ein ikkje ser for seg vesentlege endringar ut frå den kunnskapen vi har i dag, seier Remme.
Dei alternative løysingsmodellane omhandlar i denne omgang hovudsakleg avklaringa av sjukehusstruktur i Nordmøre og Romsdal. Her har ein komme fram til sju ulike alternative løysingsmodellar:
·    0 – Vidare drift som i dag. (Den statlege tidlegfaseveiledaren for sjukehusplanlegging krev at dette alternativet er med)
·    1 A og 1 B – Trinnvis utvikling av dagens sjukehus – ein by med akuttsjukehus og ein by med dagbehandling og poliklinisk verksemd
·    2 A og 2 B – Eit nytt felles akuttsjukehus bynært den eine av byane
·    3 A og 3 B – Eit nytt felles akuttsjukehus "midt i mellom" dagens sjukehus.

Tek ikkje stilling no
Det vert ikkje argumentert for eller imot dei ulike alternativa i denne omgang.
– Til neste styremøte 1. oktober skal vi leggje fram faglege og økonomiske vurderingar av dei ulike alternative løysingsmodellane, fortel Remme. Styret gav i juni signal om at sikring av kvalitet i tenestetilbodet, likeverdige tenester og god ressursutnytting skal vere berebjelkar i utforminga av framtidas spesialisthelseteneste i føretaket.
– Dette ligg til grunn for vurdering av dei ulike modellane, som ein vil komme nærare tilbake til 1. oktober, fortel prosjektleiar Espen Remme i Helse Møre og Romsdal HF.

Høyring med frist 7. november – høyringsgrunnlag i to omgangar
Basert på styret si handsaming 11. september vil løysingsalternativ verte sendt ut på ekstern høyring. Når vurderingsgrunnlaget er handsama i styremøte 1. oktober vil det også bli med som del av høyringa.
– Høyringsrunden har frist 7. november, fortel Remme. Styret vil handsame innkomne høyringar i styremøte 20. november, for så å ta saka opp til endeleg handsaming 13. desember 2012.

 

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.