Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

-Sjekk husa og bilane

Etter at politiet tok ein mann med hammar, har det kome inn meldingar om innbrot i fleire bilar, i Ørsta. No går ørstalensmann Guttorm Hagen ut og oppmodar folk til å sjekke husa og bilane sine.

Natt til søndag, oppdaga ein huseigar ein mann på altanen. Han hadde noko som likna ei øks, i handa. Søndag morgon fekk politiet melding om innbrot i to bilar, dette vert sett i samband med mannen. For då politiet tok han, fann dei tjuvegods som var teke frå bilane.
-    Det viste seg at mannen ikkje hadde ei øks, men ein spesialhammar, til å knuse vindaugsruter med. Dermed fryktar politiet at han har gjort fleire innbrot i området rundt Ørsta kyrkje og oppover mot Vallabøen, seier Hagen. No ønskjer han at folk i det aktuelle området sjekkar husa og bilane sine.

Peparspray
-    Den første meldinga som politiet fekk, var dramatisk. Huseigaren som hadde observert ein mann på altanen sin, såg at innbrotstjuven hadde noko som likna ei øks i handa. Politiet rykte raskt ut til staden og tok mannen ved Gamlevegen/Vikegeila. Men mannen ville ikkje rette seg etter politiet, som måtte bruke peparspray. Dermed gjekk mannen ned på kne og skreik høgt, fortel lensmannen og kan leggje til at mannen ikkje vart skadd.
Mannen i 20-åra, som var frå ålesundområdet, vart frakta til arresten i Ålesund.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.