Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Provosert sjåfør pressa buss til å stoppe


Ein kvinneleg sjåfør vart provosert då bussen ikkje stoppa og tok på ein person, som stod på eit busstopp. Politiet fekk melding om at kvinna pressa bussen til å stoppe.

Torsdag fekk politiet melding om at ein buss vart delvis pressa ut i autovernet på Vartdalstranda. Dermed måtte den stoppe. Sjåføren som pressa bussen var ei kvinne, som meinte at bussjåføren ikkje hadde gjort jobben sin. Ho meinte at han ikkje hadde tatt på ein passasjer, som stod på eit busstopp.
Bussjåføren meinte at det var ein haikar, som ikkje ønskte å bli tatt på.
Politiet etterforskar saka og prøver å få kontakt med bilføraren, for å høyre versjonen ho har.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.