annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Jan vart fanga av "Isaac"



* Jan Gundersen vart fanga av orkanen "Isaac" i New Orleans.

Medan stormen ”Isaac” rasa innover Louisiana med regn og vind, barrikaderte Jan Gundersen og kona seg på hotellrommet i New Orleans. – Ein storm ved Stad blir barnemat i forhold, kan Gundersen fortelje medan vinden var oppe i 120–150 km/t.

Ferieturen i USA vart litt annleis enn planlagt for Jan Gundersen. Dei skulle reise vidare til Florida onsdag, men innstilte kommunikasjonar gjorde at dei vart verfaste i New Orleans. Natt til onsdag (norsk tid) hadde Jan vore ute for å hamstre litt mat.
-    Då var det tome gater og det bles så mykje at eg måtte snu. Eg såg berre ein kliss blaut uteliggjar og militære styrkar. I tillegg til å vere på plass for å redde folk, er dei redd plyndring. Butikkeigarane har gjort sitt for å verne om verdiane sine, og spikra flakar framfor vindauga, fortel Jan om det som meir og meir minte om ein spøkjelsesby. Jan måtte vende tilbake til hotellet tomhendt.
– Men det går bra, vi har mykje cornflakes og vatn så vi skal overleve, forsikrar han.
Onsdag kvled (norsk tid) var Jan og kona isolert på hotellet. Utan tv og informasjon om kva som skjedde på utsida. - Nyttårsstormen i 1992 vert berre ein "smyger" i forhold til "Isaac", fortel Jan.

Les meir i Møre torsdag 30. august.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.