
* Der den store haugen med jordmasse no er, i bakgrunnen til høgre i biletet, skal fotballhallen stå klar neste år.
I Volda skrid arbeidet med fotballhall framover med full fart, og i løpet av 2013 er hallen klar til bruk. Men Kunstgrasbane B står det verre til med. Etter mange års vinterslitasje er den moden for rehabilitering.
- 2012 vert siste året det vert spelt fotball ute om vinteren på kunstgraset. I 2013 står hallen klar, seier Johann Roppen og Leif Tore Telseth frå hallnemnda i Volda.
Førre veke hadde VTI Fotball besøk av Geirfinn Kvalheim, anleggskonsulent i Norges Fotballforbund (NFF). Han var på synfaring for å sjekke tilstanden til den eldste kunstgrasbana. Konklusjonen vert teken om nokre veker, men er det slik at bana har behov for rehabilitering, vert målet å få den inn på lista over spelemiddelprosjekt i Volda kommune.
Positiv slitasje
- Mykje ser bra ut her, men den aktuelle bana er sliten. Den har fått mange ”trøkkar” ser det ut til. At den er sliten vil seie at den har vore mykje i bruk, noko som vert kalla positiv slitasje. No skal det samlast inn data og informasjon, så får vi sett nøye på det. Ingen konklusjonar er tekne enno, men det vert vel ikkje noko bombe om den må rehabiliterast, seier Kvalheim. Ei rehabilitering av bana, som stod ferdig i 2001, har ein kostnad på om lag 1,5 til 2 millionar kroner.
- Det vert gitt ut rehabiliteringsmidlar per tiande år, og det er viktig å kome inn i køen. Ein kan få dekt inntil ein tredjedel av kostnadene gjennom spelmiddeltilskot. Difor er vi føre var no, og har fått hit ein ekspert for å kome med ein tilstandsrapport, fortel Johann Roppen. Først må det konkluderast med at bana treng rehabilitering, før det undersøkjast om ein har rett på spelemiddel, og så må prosjektet inn i kommunen sin spelemiddelplan. Ei eventuell rehabilitering skjer ikkje før 2014. Til den tid har fotballhallen kome opp.
Tunnelmasse går til hall og skatepark
Volda kommune har fått store mengder tunnelmasse frå Hjartåberg-tunnelen. Delar av steinmassen skal brukast til tilrettelegging av fotballhall og skatepark.
- Vi har fått nærmare 10.000 kubikk med tunnelstein, som skal brukast til å leggje grunnen for fotballhallen, og lage tilkomstvegar og slikt. I tillegg skal steinen nyttast til skateparken. Tunnelmassen er ei kjempestor og verdifull gåve vi har fått til desse prosjekta, seier Leif Tore Telseth frå hallnemnda. I reine pengar, har den gratis tunnelmassen ein verdi av fleire hundre tusen kroner. Og det er ikkje alt.
- Overskotsmassen av jord, frå då vi laga eine kunstgrasbana, ligg der hallen skal kome opp. Denne massen vert no brukt som deponi, der jorda skal køyrast inn i Austefjorden til vegprosjektet der. Vegvesenet får dermed gratis jord, og vi får den køyrt vekk gratis. Dette er også med på å gjere hallprosjektet billigare, fortel Roppen. Til vinteren vert halltomta greven opp og steinen lagt.
- Volda kommune fortener all mogleg skryt. Dei har vore løysningsorienterte og veldig positive gjennom heile prosessen, slår dei to karane frå hallnemnda fast, og Geirfinn Kvalheim frå NFF sannar ved.
Håper på hall i nabobygda
Fylkesmannen ville nyleg ikkje godkjenne kommunal garanti for fotballhall i Ørsta, og sette dermed planane for hall der i offside. Ei avgjersle hallnemnda i Volda synest er synd.
- Vi håper det kjem hall i Ørsta også, dei har stor aktivitet der og treng det sårt. Slik det er no er der avgrensa treningsmoglegheiter. Det hadde heilt klart hjelpt på med ein kaldhall. Hadde det kome hall både i Volda og Ørsta, kunne det opna for fleire aktivitetar i området her året rundt, meiner Telseth og Roppen.
