annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Skilta med "E39 Volda" ved Kjøs bru


Fredag vart det kjent at Statens vegvesen har bestemt at det skal skiltast med "E39 Volda" ved Kjøs bru, via Kvivsvegen til Volda.

-    Med det nye vedtaket om skilting får dei som er ukjende opplysning om at dei kan køyre den kortaste vegen til Volda, via den nye Kvivsvegen, opplyser Oddbjørn Pladsen. Han legg til at den nye skiltinga som skal settast opp ved Kjøs bru, får stipla linje rundt seg. Dermed viser skiltet vegen til ei rute som går til E39, som i dette tilfellet vert til ferjekaia i Volda.
-    Då sparer dei om lag 45 minutt og ei ferje. Det skulle berre mangle at dei ikkje skulle få denne opplysninga, seier Pladsen som minner om at avgjerda er teke på topp i Statens vegvesen.

Har ikkje problem med skiltinga
Voldaordførar Arild Iversen er ein av dei som meiner at E39 skal gå over Stigedalen til Hjartåberget vert opna hausten 2013. Eit stridstema har vore å få høgast muleg frekvens i bruk av ferja over Voldsfjorden lengst muleg, og å få eit nord/sør-samband over Stigedalen og vidare over Lote-Anda.
-    Eg har ikkje personlege merknader på at det vert skilta med tilvising til E39 og Volda på Kjøs bru. Det treng ikkje vere hemmeleg at dei opnar Kvivsvegen. For mange vert det nok eit dilemma korleis dei skal takle denne skiltinga, men eg vil at mange skal bruke E39 Kvivsvegen, seier Iversen.

-    Set truleg opp skilt som er i strid med lova
-    Ifølgje eksisterande regelverk skal ein veg alltid skiltast etter den faktiske klassifiseringa som vegen har. Det vil seie at det berre er ein veg som kan heite E39, seier Odd A. Folkestad. – Ifølgje Vegdirektoratet sitt notat av 5. mai 2012 til Vegvesenet region Midt, skal inga skilting endrast før etter at Hjartåberget er rassikra i 2013. Ifølgje same dokumenta skal det heller ikkje settast opp skilt på Kjøs med endra visingsmål. Det vil seie at dersom dette er korrekt, så har enten Vegdirektoratet endra syn. Noko eg ikkje har grunn til å tru. Eller så set Statens vegvesen, region Vest, opp skilt som er i strid med tidlegare vedtak i Vegdirektoratet. Elles tykkjer eg at Oddbjørn Pladsen skal vere det han er tilsett for å vere: Vegarbeidar og ikkje vegpolitikar.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.