
Paddene i Austefjorden er medievande, sjølv om dei kanskje ikkje alltid
er så fotogene. No får dei 30 minutt i beste sendetid på NRK.
Livet som padde i Austefjorden er glamorøst. Ikkje berre har dei
fått eigne tunnelar som sikrar dei ei trygg passasje under den nye
framtidige Europavegen. No får dei også 30 minutt i beste sendetid på
NRK.
- Det er spesielt at det som truleg er Europa sin største paddebestand
held til inst i ein fjord på Sunnmøre. Det lokale engasjementet er også
spesielt, seier produsent og regissør Are Pilskog i filmselskapet Blåst
Film AS frå Leikong.
- Eg har vore med og filma sidan dei starta med å lage til dei nye
paddetunnelane, og så skal eg filme no når alt er ferdig for å sjå
korleis det har gått med paddene, fortel han.
Kunsten å legge seg paddeflat
Naturfilmen har fått tittelen "Kunsten å legge seg paddeflat". Paddene
er som kjent ikkje dei raskaste amfibia, då dei kan bruke opp til ein
time på å krype ein liten meter. Dette har kosta mange paddeliv når dei
har kryssa vegar i Austefjorden. Paddeentusiastane Oddvar Olsen og
Gunnar Wangen har bært bøttevis av padder over vegen for å redde dei frå
bildekka. No er paddetunnelane på plass.
- Det var Oddvar Olsen som fortalte meg om paddene og tunnelane, og at
dei har telt padder i mange år. Dei har fortalt at dei i løpet av éi
natt telte 5.001 padder, ler Pilskog.
- Oddvar Olsen og Gunnar Wangen har stått på for å ta vare på dette
unike. Dei er også med i filmen. I tillegg er det lokale krefter i
Austefjorden som jobbar for å bygge opp ein identitet rundt dette med
paddene. Det er eit spesielt fenomen, seier Pilskog, som tydeleg er
fascinert over engasjementet.
Fotogene padder
Tysdag 21. august skal formannskapet i Volda handsame søknad om
pengestøtte til filmen. Administrasjonen rår til at kommunen løyver
50.000 kroner.
- Filmen vil vise Austefjorden på sitt beste, og vil kunne vere ein
viktig kanal for å få naturinteresserte og reiseglade menneske til å
kome til Volda. Paddefenomenet i Austefjorden er unikt i Europa. Eg har
tru på at filmen om paddene vil kunne marknadsføre Volda kommune,
samstundes som at prosjektet vil gje synergiar for lokale firma, seier
rådmann Rune Sjurgard.
No skal altså dei vortete, ruglete amfibiane, spekka med giftkjertlar, selje Austefjorden.
- Folk bryr seg mykje om svære kvalar og søte ting. Det skaper
engasjement. Her har vi tatt tak i paddene. Dei er fotogene på sin måte.
Dette, saman med det lokale engasjementet, samt at det er brukt mykje
pengar på å lage tunnelar, gjer alt veldig spesielt, seier Pilskog.
Filmen er planlagt vist på NRK rundt juletider neste år.
Vortete filmstjerner
- Publisert dato:
- måndag 20. august 2012, klokka 17.36.14
- Sist endra:
- måndag 20. august 2012, klokka 17.36.14
- Artikkelforfattar:
- JANNE-MARIT M. FALCH
- Synspunkt på artikkelen?
- red@mre.no
Tips ein ven
Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.
