
Brannen i gassflaska på Vikeneskaia, vart avslutta med at flaskesettet
vart tippa på sjøen for rask avkjøling. Sjølv om evakueringa av kaia
vart oppheva, var eit lite område ytterst på kaia avstengt til torsdag.
Brannen i gassflaska starta like før kl. 15 onsdag. Heile området vart evakuert og alle som stod i ferjekø måtte forlate bilane sine. Ferjerutene Volda-Folkestad og Volda-Lauvstad vart innstilt. Det danna seg lange køar i sentrumsområdet, ved omkøyringsvegen over Hauane til Sanitetshuset og i Vikane. fakstisk var det ei stund kø heilt til Ekset. Mange valde å bruke avlastingsvegen over Krøvelseidet.
På
Vikeneskaia starta brannmannskapet med nedkjøling av flaskesettet, der
eine gassflaska brann. Då flaska var tom, rykte ei gruppe på fire
brannmenn fram og tippa flaskesettet på sjøen. Dette vart gjort for å
få ei rask avkjøling.
Vegen vart opna att i 16.30-tida.
Sjå stort oppslag i Mre torsdag 16. august.

Her ligg ferja Folkestad og ventar på at gassbrannen skal bli teken under kontorll og Vikeneskaia var evakuert. Sjøvegen var open og ei snekke går faretruande nær kaia og den brennande flaska.
Mykje vatn vart brukt for å kjøle ned flaskesettet som stod yttarst på Vikeneskaia.
