* Politi og brannvesen sperra fv. 651 på grunn av fare for gasseksplosjon.
Onsdag litt før klokka 15.00 rykte alle naudetatane ut til Vikeneskaia. To gassflasker i brann førte til full evakuering av kaia. Klokka halv fem vart sperringane oppheva.
Trafikken forbi Vikeneset vart stoppa i begge retningar etter at alarmen gjekk, og ferjene fekk ikkje lov å legge til kai. Politiet oppmoda bilistane om å køyre Krøvelseidet, og unngå Volda sentrum. Like før klokka 16.00 gjekk ei gruppe brannmenn bort til gassflaskene og tippa vogna dei stod på ut i sjøen. Politiet valde likevel å halde fram dirigering av trafikken forbi kaia ei tid. Klokka halv fem melde politiet om at sperringane vart oppheva, samstundes som evakuering av ferjekaia vart avblåst. Eit mindre område på Vikeneskaia vil framleis vere sperra for publikum.
