annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Westre tek oppatt bakeridrifta



* 1. september legg Nærbakst ned drifta av bakeriet på Rystelandet. Då står Annette Westre Hjellen klar til å ta over.

- Vi gjer dette for å sikre lokale kvalitetsvarer til eigne butikkar, og for å halde på arbeidsplassar i området, seier dagleg leiar i A. Westre, Annette Westre Hjellen.


Bakeriet vart tidlegare eigd og drive av A. Westre, men for 2,5 år sidan selde Westre Hjellen bakeriet til Nærbakst.
- Det er trist at Nærbakst gir seg, men vi har sett signala ei tid, seier ho. Westre Hjellen er nyleg attende frå ferie, og ho vil no starte arbeidet med å selge bakevarene inn mot bedriftsmarknaden og institusjonane på Sunnmøre. Bakeriet vil elles levere varer til A. Westre sine fem butikkar på Sunnmøre og i Nordfjord.
- Vi har ein butikk i Volda, to i Ørsta, ein på Moa og ein på Nordfjordeid, fortel Westre Hjellen.

Angrar ikkje
Westre Hjellen angrar ikkje på at ho selde bakeriet til Nærbakst for snart tre år sidan. Ho meiner pausen frå bakeridrift har vore nytta godt.
- Eg har brukt tida til å pusse opp bakeriutsala mine, og til å finne fram til den beste løysinga for verksemda. No har vi fem utsal som vi vil satse på vidare, og desse har vi god tru på, seier Westre Hjellen. Ho held fram at sjølvsagt kan ho klare seg utan eige bakeri, ved å kjøpe inn bakevarer frå andre, men det har ho ikkje lyst til.
- Kvaliteten på det vi sel skal vere god. Gjennom overtaking av bakeriet er Westre-kvaliteten sikra, slår ho fast.

Optimisme
- Det er viktig med eit eige bakeri her lokalt. Vi treng alle arbeidsplassar vi kan få. Ved å sikre vidare drift av bakeriet er framtidige konfirmasjonsbestillingar sikra, undertrekar Westre Hjellen. Ho viser til at det er marknaden som avgjer kva bakeriet skal produsere, og at dei har høve til å vri produksjonen i retning etterspurte spesialprodukt.
- Vi går inn i ei kjempespennande tid. Framover vil vi profilere dei produkta vi sel i dag, men i tillegg vil det òg verte gjensyn med tidlegare favorittar og gamle oppskrifter, seier Westre Hjellen. Ho har nytta sommarferien godt, og er full av kreativitet og ny giv.

Nye vegsamband

Den daglege leiaren ser fram mot nye vegsamband, og vidareutvikling av eksisterande handel i Volda og Ørsta.
- Vi er til dømes svært glade for at eigaren av Amfi i Ørsta satsar på utviding av kjøpesenteret, og det skal bli godt når arbeidet er ferdigstilt, seier Westre Hjellen. Ho gler seg til å kunne tilby ekte Westre-kvalitet frå eige bakeri på ny, og vonar at bestillingane vil strøyme inn frå gamle og nye kundar.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.