
Eiksundtunnelen vart stengt og det danna seg raskt lange køar. Tunnelen vart opna for kolonnekløyring like før kl. 08.00.
Onsdag morgon like før kl. 07.00 vart det meldt om bilbrann i Eiksundtunnelen, då ein stor personbil tok fyr omlag 2 km frå opninga på Eiksundsida.
Alle naudetatar rykte ut då det vart meldt om bilbrann i Eiksundtunnelen onsdag morgon. Brannbefal Stein Husevåg opplyser at føraren kom seg ut av bilen og heldt ei stund brannen i sjakk, med hjelp av brannsløkkingsapparat. Men han måtte gi tapt for flammar og røyk, og evakuerte.
Brannmannskap frå Volda kom først fram til den brennande bilen og fekk sløkkje brannen. Like før kl. 08.00 vart det starta opp med kolonnekøyring gjennom tunnelen.
