annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Brann i sponsilofilter


Måndag føremiddag rykte naudetatane ut etter melding om brann/røykutvikling i ein sponsilo ved Rufo i Hovdebygda.


Sponsiloen er plassert på utsida av bygget, og brannvesenet fekk sløkt brannen etter kort tid. Det vart ikkje observert opne flammar.
- Det var ikkje fare for spreiing til andre bygningsdelar. Vi fekk raskt kontroll over brannen, så det gjekk greit, fortel brannsjef i Ørsta, Einar Ytre-Hauge. Brannvesenet stilte mannsterke opp under utrykkinga, med fleire bilar og tre røykdykkarar. Ingen personar kom til skade.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.